Vil du jobbe med noko meiningsfylt? Då ser me gjerne at du søker jobb hos oss!
Kyrkja i Sirdal har ledig eit 50 % vikariat som kyrkjelydsarbeidar for perioden 01. august 2026 til 30. juni 2027.
Arbeidsoppgåver vil vere planlegging og gjennomføring av barne- og ungdomsaktivitetar, slik som til dømes familiegudstenester, ungdomsklubb, søndagsskule og samarbeid med skule og barnehage. Arbeidsoppgåvene vil bli forma ut frå kompetanse og interesse, og i samarbeid med annan kyrkjelydsarbeidar.
Kvalifikasjonar
Men ønskjer oss ein kyrkjelydsarbeidar som:
- er glad i å vere saman med barn og unge
- har gode samarbeidsevner
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er kreativ og nytenkande
Det vil vere flott å ha erfaring frå kyrkjelyd- og/eller organisasjonsarbeid.
Det er krav om politiattest før tiltreding i stillinga.
Løn etter tariff.
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar/kyrkjeverge John Birkeland (tlf. 48 18 78 87) eller kyrkjelydsarbeidar Inger Solveig Høyland (tlf. 95 20 28 65).
Søknad og CV sender du til: post.sirdal@kyrkja.no
Søknadsfrist: 03. mai 2026.