I lang, lang tid har me sett stjerner på tusenbeinet når me har vore på Sprell Levande på Kvæven. Både barn, vaksne, biskop, prost og prest har vore med og bidrege.
I haust såg me at me nærma oss enden av tusenbeinet, og ideen om å feira dette med ein stor Sprell Levande Fest vart skapt. Tysdag 18.april vart datoen for den store festen. Då dagen kom var me om lag 70 barn og vaksne samla i kapellet på Kvæven. Tusenbeinet vart heilt fullt med stjerner! Me feira dette med ein god middag, sjokoladekake og is. Og me hadde ei kjekk Sprell levande samling oppe i kapellet. Då var det to fireåringar som fekk utdelt Bibel, me song saman, tente lys og opna skattkista. Før me gjekk opp hadde me laga oss påskebriller. Desse fekk med bruk for under forteljinga om disiplane som gjekk frå Jerusalem til Emmaus, men som fyrst ikkje kjende att Jesus då han kom og gjekk saman med dei.
Til slutt på samlinga måtte me løyse eit oppdrag. Ein koffert var låst med ein hengelås og me måtte løyse oppgåver for å finna koden. Det klarte me! Og kofferten vart opna til trommevirvel og stor jubel, for der skjulte det seg ein stor skatt. Eit kinderegg til kvart barn som var med på festen!
Takk til alle som kom og som bidrog til å gjera dette til ein flott fest for både små og store!